Herøya

Den 8. januar 2019 held Memoar og Norsk Industriarbeidermuseum eit kurs i minnesamling med video på Porsgrunn Bibliotek. Eit minneoptak med Hans Gunnar Olsen Tørre vert ein viktig del av kurset. Me vonsr det skal bli starten på ei Herøyainnsamling.


Hans Gunnar Olsen Tørre

lagt inn 20. jan. 2019, 15:45 av Bjørn Enes   [ oppdatert 20. jan. 2019, 16:05 ]

Hans Gunnar Olsen Tørre vaks opp i Landsbyen på Herøya. Både far hans og bestefar hans arbeidde på Hydro, og sjølv om han høyrde til den fyrste generasjonen som hadde sjansen til å gå realskule og gymnas, var det aldri aktuelt for Hans Gunnar. Han skulle på Hydro. Etter folkeskulen gjekk han den frivillige ungdomsskulen som Eidanger Kommune hadde innført før niårig skule vart innført, og derifrå søkte han seg inn på kjemilinja på Hydros Bedriftsskule. Han kom ut som laborant - og vart tidleg trekt inn i arbeid med røntgenkontroll av sveisesaumar, et arbeid som strekte seg over alle fabrikkar og verkstader i Hydrokonsernet. Derfor vart han meir enn vanleg kjend heile den store verksemda. Då han begynte var der omlag 8700 tilsette på Herøya aleine. 
Han vart tidleg fagorganisert, fyrst i Herøya Arbeiderforening, seinare i Norsk Forbund for Arbeidsledere og Tekniske Funksjonærer (NFATF, i dag FLT). Han fortel mykje om fagforeiningsarbeidet på lokalt og nasjonalt plan. Det førte han også inn i Bedriftsforsamlinga og styret i Hydro. Han var også tidleg politisk interessert, både i AUF og SUF (SFs ungdomsorganisasjon). Då SUF braut med SF på landsmøtet i 1969, marsjerte han ut saman med dei andre, og i nokre år var han med i den vidare utviklinga av det som skulle bli AKP(m-l). Men i 1975 melde han seg ut, saman med fleire av dei andre aktive i Grenlandsområdet. Han var partilaus fram til 2008, då han søkte medlemskap i NKP.
Intervjuet handlar om Herøya og industrisamfunnet i Grenland i perioden 1950 til 2019, for ein stor grad prega av hans aktive liv som fagforiningsmann. I dag er han styremedlem i Arbeiderbevegelsens Arkiv i Telemark. 
Intervjuopptaket vart gjor den 8. januar 2018. Intervjuar var Bjørn Enes   

Hans Gunnar Olsen Tørre:


00:00:00 Eg arbeidde på Hydro Herøya i 44 år, fram til ev var 60 år.
01:50:00 Eg ville bli organisert alt medan eg gjekk på Bedriftsskulen
02:30:00 Eldre guttar
02:45:00 Eg blei tidleg sosialist. NKP var sterke på Herøya
03:30:00 Eg blei organisert i 1963. Eg blei aktiv i AUF.
04:05:00 Herøya arbeiderforening var kollektive medlemmer i AP.

Men vi blåste i det
04:50:00 Eg blei nestformann i Laboatoriegruppa i Kjemisk. Eg var med i SUF

Der var også harald Berntsen som seinare blie historikar
05:40:00 Gymnaset var aldri aktuelt for meg – far ville at jeg skulle på laboratoriet
06:35:00 Jeg ble merkeselger – fagforeningsmerker
07:00:00 Bedriftsskulen – laboranter og automatikerar blei funksjonærar
07:40:00 Materialteknisk avdeling, konserndekkande avdeling - Rjukan, Glomfjord osv
08:10:00 For ein månad sidan fekk eg asbestose
08:40:00 Arbeidsmiljø blei viktig – sørleg for oss på laboratoriet
09:10:00 Vi slåss mot en arkaisk, lagdelt bedriftskultur

Det betra seg m.a. På forskningssenteret
10:08:00 Nå er det krav om at alle har teknisk innsikt
10:12:00 Utover 60-åra blei det storeendringer. Det kom mangefolk fraNordNorge

På same tid som Notodden blei nedlagt og mange flytta ned hit
11:15:00 Det gikk seg til. Men for tidlegare sjarkfiskarar var det vanskeleg -

ein veldig overgang til fabrikkmiljøet
12:20:00 Sjefen ville ikkje hanoko med lønningane å gjera. Me gjekk over i NFATF
13:40:00 NFATF er et sjikt med mange som jobber aleine. Men vi var over 700

Dessutan hadde vi alle dei gamle kommunistane
14:30:00 I januar blei eg overført frå Norsk Kjemisk til NFATF. I det sjiktet var der

gule forbund. Vi gikk inn for å få dei over i LO – og klarte det stort sett.
Loggen som høyrer til intervjuet er ikkje ferdig. 

Men her er eit utdrag for å vise korleis den vil bli sjåande ut: 

01:03:23:00 Om Hydros bedfriftskkule
04:20:00 Bygd ut før niårig skule og lærlingeskule
05:35:00 Landsbyen låg i Eidanger Kommune
10:45:00 Vi fekk lønn medan me gjekk på Bedriftsskulen
11:40:00 Elevane kom frå heile landet – men flest herifrå
13:10:00 Om fagarbeid og ikkje-fag
15:10:00 Amoniakkfabrikken blei bemanna i stor grad med sjøfolk
17:15:00 Herøya og Bamble hører sammen -
17:40:00 Sammenhengen mellom petrokjemi og Herøya
19:20:00 Klor frå Magnesiumfabrikken blei grunnlaget for PVC-produksjonen
20:48:00 Det var behov for å formalisere prosesskunnskap
24:00:00 Hele Herøya var ein haug med ulike verkstader
27:25:00 Hydro i dag er noko heilt anna – i dag er det lettmetall og energi
29:05:00 Mange folk frå Amoniakkfabrikken begynte offshore
30:30:00 Amoniakkfabrikken såg ut slik han ser ut i dag – masse rør under trykk
31:20:00 Etylen er mange ganger meir brannfarleg enn bensin
31:51:00 Kongtrollromshistorie
33:00:00 Amoniakkfabrikken førte nye kategoriar tilsette inn






1-1 of 1